"Feminiserte undervisingsformer, kva nå enn det inneber.."
Aftenbladet.no (Stavanger Aftenblads nettutgave) hadde i går en artikkel om debatten om karakterforskjeller i skolen mellom jenter og gutter.
Ei undersøking frå Nova (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) i år stadfestar trenden: Jenter gjer det jamt over noko betre karaktermessig i skulen.Det kan ein jo ikkje ha noko av. I ein artikkel i Dagbladet 19.februar i år uttaler kunnskapsminister Øystein Djupedal at skulen er for feminin. Tormod Øia, ansvarleg for undersøkinga (og ein av dei fire utelukkande mannlege kjeldene i artikkelen), meiner den norske skulen har blitt ein jenteskule.
Feminiserte undervisingsformer, kva nå enn det inneber, får skulda for at gutane ikkje får sine rettmessige 5-arar og 6-arar. I tillegg slit gutane med at såkalla kvinnelege verdiar som disiplin, flid, nøyaktigheit og ansvar gir god utteljing når karakterane skal setjast.
Hald deg fast: Gutar blir altså møtt med krav om at dei skal ta ansvar for å gjera sitt beste med skulearbeidet. Ikkje rart dei møter veggen og blir vrange. Forskar Kåre Heggen meiner bråk i klasserommet ofte kan vera uttrykk for at gutar blir provoserte over denne såkalla feminine læresituasjonen. Han nemner ikkje noko om at jenter også kan bli provoserte, det er vel kanskje av mindre interesse. Men norske jenter og gutar har truleg aldri vore likare kvarandre enn dei er i dag, også på skulen. Under overflata i denne debatten verkar det å liggja gamle stereotypiar om at gutar slåst og klatrar i trer, medan jentene i harmonisk og empatisk samspel hjelper kvarandre med strikketøyet.
Resten av artikkelen kan du lese på Aftenbladet
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar